Seriestart på bortebane

Os skal spela 12 treningskampar, blant anna mot Fyllingen og Åsane, før seriestart på bortebane laurdag 18. april.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2007 vann Os storhallturneringa i Vestlandshallen, i fjor blei det 1-3 tap for Nest-Sotra.

- I år ser det ikkje ut til å bli turnering, det var få lag påmeldt i fjor, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Saman med assistent-trenar Tore Nielsen har han lagt opp til 12 treningskampar før sesongstart.

- Blir det turnering må vi nok redusera noko, seier Frank.

Desse skal Os spela treningskamp mot:
01.02 Stord
08.02 Baune
15.02 Fyllingen
18.02 Arna-Bjørnar
28.02 Hovding (borte)
01.03 Vadmyra (borte)
08.03 Follese
14.03 Åsane (borte)
15.03 Ny-Krohnborg
22.03 Bergen Nord
29.03 Askøy
04.04 Stord

- Vi har fått utkast til terminliste, men den er ikkje ferdig justert enno. Det som er sikkert er at vi startar serien med bortekamp mot Norheimsund laurdag 18. april, seier Hellevik.

Tre dagar før spelar Os første runde i NM. Kven dei møter i cupen er førebels uvisst.

Her er laga i 3. div. avd. 15:
Bjarg (opp frå 4. div)
Djerv
Hovding
Lyngbø
Løv-Ham 2 (opp frå 4. div)
Nordhordland
Norheimsund
Odda
Os (ned frå 2. div)
Tertnes
Trio
Voss

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11