Lageret er selt

Banken har bestemt seg for å selja konkursboet etter Henrik J. Askviks Sønner AS i to delar. I dag blei 243 båtar selt.

Kjetil Vasby Bruarøy
09. januar 2009 - 14:32

I eit møte i dag blei det bestemt at Johs. Lunde kjøper 243 ferdige båtar i lageret til Henrik J. Askvik sitt konkursbo.

- Det var fleire interessentar, men båtane blei selt til Lunde-gruppen i dag, stadfestar advokat Arne Laastad.

I neste runde skal produksjonsutstyr og fabrikk seljast. Også der er det fleire interessentar, blant anna Lunde-gruppen.

Les meir om

Askeladden Næringsliv