midtsiden

Målretta moromann

Med hardkjør og humor har Ketil Elvenes førebudd Os-keeperane på seriestart. Han trur konsentrasjon blir utfordringa i ein sesong som favorittar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I vinter overtok Ketil Elvenes keepertrenarjobben etter Valter Midtsæter. Intensivitet og saftige kommentarar har prega treningane i enden av banen på Kuventræ i vinter.

- Vi har vore heldige som har fått ein bra erstattar for Valt`n, som gav seg etter mange gode år. Ketil har lang erfaring, både som målmann og trenar, og ser ut til å ha ein progresjon i det han driv med, seier oppmann Arne Hitland.

Frå nord til sør
Ketil Elvenes er fødd i Harstad og vakse opp i Tromsø. På 80-talet spelte han for Harstad mot Brann i nest høgaste divisjon, og flytta seinare sørover for å spela både for Viking og Brann.

- Eg spelte for Brann heile 89-sesongen. Så fekk eg betennelse i nokre ledd, og kvilte ikkje nok til å bli skikkeleg bra, så det blei mindre spel i åra som kom, fortel Elvenes.

Seinare har han spelt for både Fyllingen og Nest-Sotra, og vore trenar for Øygard og Loddefjord, som han gjekk frå då han fekk oppdrag på Os.

Fokus på fotarbeid
I Os møtte Elvenes to unge målvaktar, Kjetil Hansen og Anders Solberg Strønen, og "den gamle hingsten", som han kallar Halvard Enes.

- For å få fart på desse kroppane så har vi fokusert mykje på fotarbeid. Flytter du beina på rett måte kjem mykje av det andre av seg sjølv, meiner Ketil.

- Litt finpuss på detaljar har det også vore, men eg har vore varsam med å endra innarbeida stil, vi skal ikkje rota det heilt til før seriestart heller.

- Kva blir den største utfordringa for Os-keeperane i år?

- Vi blir sett på som favorittar i år. Blir det mykje spel høgt på banen, gjeld det for keeper å halda konsentrasjonen oppe. Ei kontring kan koma fort, og då gjeld det å vera vaken.

- I tillegg har vi snakka om det å vera ein del av dei ti andre på laget, og å styra midtforsvaret for å tetta mest mogleg igjen.

- Flink å læra frå seg
I går fekk Halvard Enes gjennomgå. Som fersk pappa var han einaste som sto over treningsleiren på Kypros, derfor blei det teknikktrening i buret medan dei andre spelte.

- Eg merkar at Ketil har stått mykje i mål sjølv. Han har mykje å koma med og han er flink til å læra frå seg, seier Enes.

Kjeften står ikkje stille på trenaren. Innimellom peptalk på nordnorsk er det godt med ein samevits eller to.

Og Elvenes, som hadde eigen vitsekveld for laget under treningsleiren, er ikkje vanskeleg når vi spør om han har ein historie til Midtsiden-lesarane:

- Det var to samar som møttes på vidda. "Kva gjer du her?" seier den eine. "Leiter etter kona mi", svara den andre. "Eg òg. Korleis ser kona di ut?". "Ho er tynn, har lange bein, langt lyst hår og store puppar. Kva med kona di?", svara han. "Gje blaffen i ho, vi leitar etter di!".

Laurdag er det seriestart for Os, på bortebane mot Norheimsund. Første heimekamp er måndag 27. april.

Fleire saker