Tøff start for juniorane

I fjor landa dei på 2. plass, i går var det seriestart i Åsane for Os junior elite.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fleire juniorspelarar var på seniornivå i fjor, i vinter blei ni nye tatt opp.

- No har vi ein stall på 19, dei fleste er førsteårs junior, fortel assistenttrenar Bjørn Bakke.

Tysnes-keeperen Marcus Dalland trenar med Os om dagen, og blir truleg aktuell for juniorlaget. Han kan gje Even Bjoarvik kamp om plassen i Os-buret etter at Anders S. Strønen blei flytta opp til A-stallen.

I tillegg har dei tatt opp éin gutespelar, Joakim Bjørnevik, og han var ifølgje Bakke den som klarte seg best i den tøffe bortekampen mot Åsane tysdag kveld.

- Joakim var på krinslaget i fjor, og viste mykje bra i går.

Men samla sett blei Åsane junior elite for sterke, og tok ein suveren 6-0-siger.

God oppkjøring
Øyvind Steffensen overtok i vinter jobben som hovudtrenar etter Einar Nytræ.

- Øyvind fokuserer mykje på spelarutvikling, og får fram mykje av den gode teknikken gutane har. Vi jobbar godt saman og har hatt ei fin oppkjøring, meiner Bakke, som har fleire år bak seg i trenarteamet til juniorlaget.

Satsar på midten

Bakke seier Os har klart seg bra i treningskampar i vinter.

- I elitecupen på Stord tapte vi alle tre kampane, mot Stord, Vard og Fana sine elitelag, men berre med eitt mål i kvar kamp.

- Sjølv om vi stiller yngre i år kan vi vinna mange kampar. Klarar vi å hamna midt på tabellen når sesongen er over, så skal vi vera nøgde, meiner Bjørn Bakke.

Neste kamp er på heimebane mot Odda neste tysdag klokka 19.00.

- Då skal vi vinna, på ny kunstgrasbane!

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11