midtsiden

MX med ny sportsmesse

Jan Frode Skeie og MX Sport samlar rundt 60 leverandørar til salsmesse i Grieghallen. - Dei har hatt store sportsmesser på Austlandet i mange år, no er det Vestlandet sin tur, seier Skeie.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag 17. april opnar sportsmessa Fritt og Vilt, i Dovregubbens Hall i Grieghallen.

- Dette er første store sportsmesse i Bergen, og den skil seg frå andre store norske sportsmesser ved at vi ikkje berre har friluft eller tekstil, men full breidde, seier marknadsansvarleg i MX Sport Bergen Holding AS, arrangør Jan Frode Skeie.

- Først og fremst blir dette ei salsmesse, med lagersal, auksjon og produktlanseringer. Men vi kjem også til å by på mykje underhaldning og produkttesting.

Auksjon og sykkelverkstad
Sjølv om messa har dei fleste typar sportsutstyr representert, kjem truleg sykkel til å dominera. Store stands med nye syklar, lagersal av fjorårsmodellar og syklar på auksjon gjer Fritt og Vilt ein smart plass å besøka før Bergen-Voss.

- Vi skal også ha kurs i vedlikehald av sykkel, og gratis sykkelverkstad, som ein "Snap Drive", fortel Skeie.

Nye merke
I tillegg til at leverandørane på messa får visa fleire varer enn i butikkane, kjem det også leverandørar og varemerke som aldri før har vore selt på Vestlandet.

- Vi får inn ein del nytt i år, og desse leverandørane tar med mykje spennande på messa.

Indoboard og Slakkline
Med gratis inngang, gratis barneparkering og fleire moteshow prøver MX Sport å gjera messa til ein plass for heile familien.

- Frå badetøy til boblejakkar, både vårens nye varer og kolleksjonar som kjem til hausten, skal visast på moteshow.

Indoboard, eit brett som står på eit rør, blir meir og meir brukt av surfarar og brettkjørarar til trening. På messa kan du vinna flotte premiar, om du er ein av dei som klarar å stå lengst på eit slikt brett.

- Det kjem ein del sponsorobjekt på messa, som Fyllingen Handball, for å signera ballar, og brettkjørar Daniel Franck, som skal demonstrera indoboard.

Også Slakkline har med utstyr du kan få testa balansen på. Slakkline er som det høyres ut som, ei line som kan knytast mellom to tre, i parken eller i skogen.

Fleire saker