midtsiden

Vil takla Mats Cato

Yngstemann i A-stallen spelar frå start i serieopninga på bortebane laurdag. I første heimekamp håpar han på å møta Moldskred.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Vegard Leikvoll Moberg (bildet) har imponert i treningskampane i vinter. 18-åringen, som er yngstemann i A-stallen, spelar frå start i serieopninga til Os i Norheimsund laurdag.

- Eg gleder meg til alvoret startar og eg ser like mykje fram til første heimekamp. Eg håpar Mats Cato Moldskred spelar. "He can run, but he can´t hide" åtvarar Vegard, som er nabo med Mats Cato sin familie i Vågshaugen.

Os møter Løv-Ham 2 heime måndag 27. april.

Leikvoll Moberg spelte for Os 2 store delar av fjorårssesongen. I vinter har han imponert på A-laget, så det er er ikkje overraskande at han spelar frå start i morgon.

- Alder har ikkje noko å seia, det er berre prestasjonar som tel, seier trenar Frank Hellevik.

Han har også med seg yngre gutar til å sitja på benken i Norheimsund, som Sven Lyssand og Baste Jonassen.

Desse spelar frå start mot Norheimsund (4-3-3):
Halvard Enes, Anders Glesnes (h.b.), Einar Algrøy, Vegard Borgen, Remi Osebakken (v.b.), Preben Borgen, Vegard Leikvoll Moberg (sentral midtbane), Stian Lunde, Torkel Hjertnes (h.k.), Christian Almeland (v.k) og Tim Henrik Sperrevik.

På benken sit: Anders S. Strønen, Dani Bergstø, Baste Jonassen, Tore Valvik, Aleksander Lindkvist, Christer Olsen og Sven Lyssand.

Vegard Borgen har fått den viktige plassen i midtforsvaret ved sida av Einar Algrøy, Tore Valvik har hamna på benken til fordel for Preben Borgen og Christian Almeland fekk mindre kamp om venstrekant-plassen sidan Andreas Bjørnen er skadd.

- Kva er du mest spent på når alvoret no byrjar?

- Om vi får motstand, mål i mot eller tapar ein kamp, er eg spent på å sjå kor lojale spelarane er til spelestilen. Om dei har ro og konsentrasjon sjølv om ikkje alt går vegen, seier Hellevik.

- Men vi er godt førebudd, det lyser energi og spelelyst av heile laget. Vi ser verkeleg fram til turen til Norheimsund i morgon! legg han til.

Fleire saker