midtsiden

Olavsrosa "kom heim"

Solstrand viste seg i går som ein verdig mottakar av Noregs einaste kvalitetsmerke for kulturopplevingar.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Østers frå Bømlo, levande eventyrforteljing av Helge Jordal og nydeleg framføring av småstykke av Ole Bull - Solstrand viste seg i går som ein verdig mottakar av Noregs einaste kvalitetsmerke for kulturopplevingar.

Torsdag blei Solstrand Hotel & Bad tildelt Olavsrosa av Norsk Kulturarv. Det blei ein smakfull og opplevelsesrik seremoni.

Lokal og internasjonal
Makreringa starta der Solstrand hadde sin start, som badeplass for bergensarar.

- For nokre år sidan tok vi tilbake det gamle namnet vårt, så vi fekk med ordet "bad". For vatn er meir spesielt i global samanheng enn kva vi gjerne trur, sa Børrea.

Solstrand har tilsette frå over 20 nasjonar, og hadde gjestar frå 47 ulike land i fjor. For mange av dei er vasskvaliteten vår, og den reine fjorden som varmar opp heile hotellet, noko uvanleg.

Ved sida av Solstrand si spa-avdeling, kåra til Noregs beste i 2008, ligg det nye galleriet. Her blei det ein forsmak på sommarutstillinga, ei utstilling med hovudutstillarane Johan Fredrik Arntzen, Sigrid Øyrehagen og Skule Waksvik, som opnar 25. april.

Eventyrleg vandring
Også i matvegen har Solstrand fokus på det lokale. Drøbak-bolle for eksempel, som truleg har fått namnet sitt vridd frå latin, og ikkje frå byen på Austlandet som slett ikkje har slike kråkebollar. Plukka på Vestlandet og går for 6000 kroner kiloet til Japan, men på menyen under vandringa i Solstrand-hagen i går.

Børrea heldt tale utandørs, om historia til Solstrand, om vanskelege val mellom å halda ved like eller velja nye byggematerialar, og om dei viktige menneska rundt ho.

Så var det Helge Jordal sin tur. Skodespelaren fortalte som kor godt han sjølv synes det er å slenga frå seg mobiltelefonen og reisa til Os og Solstrand for å slappa av. Så fortalte han med stor innleving eventyret "Tekanna" av H. C. Andersen.

Vern gjennom bruk
I spisesalen fekk vi først ein smak av ein av dei store, lokale kulturskattane, småstykke av Ole Bull framført av eit av dei store talenta frå Harmonien.

- Nils Georg Brekke kom med forslaget og fagrådet sin prosess er lang og omfattande. Olavsrosa er ein aktiv pris, ein pris som ein kan mista om ikkje standarden held seg, seier styreleiar i Norsk Kulturarv, Inger-Lise Skarstein til midtsiden.no.

Ho fortalte om Olavsrosa og fagjuryen, tre av dei til stade under tildelinga, og om Norsk Kulturarv sitt arbeid.

- "Vern gjennom bruk" er vårt motto, der det å ta vare på norsk kulturarv og samstundes gjera den tilgjengeleg står i fokus. Olavsrosa går til alt frå små stølar til storslåtte hotell, som her.

Solstrand fekk den tolvte Olavsrosa som er delt ut i Hordaland.

Sjølve tildelinga sto fylkesmann Svein Alsaker for.

- For oss har Ovalsrosa vore noko å jobba for, å få dette kvalitetsmerket er veldig stort for oss, sa Børrea Schau-Larsen til midtsiden.no etter seremonien.

- Norsk Kulturarv er ein organisasjon med utruleg mykje kompetanse. Vi kjem til å bli eit aktivt medlem!

Fleire saker