midtsiden

Vil kjøpa Fjellheim

Øyvind Tøsdal og ByggConsept har vist interesse for å kjøpa Fjellheim.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fjellheim skal halda fram med å fungera som kulturlokale fram til OKK er ferdig, men skal så leggast ut for sal. Os kommune reknar med å få rundt 10 millionar kroner for bygget, med den 5,2 mål store tomta.

ByggConsept AS har ifølgje Os & Fusaposten vendt seg til rådmann Knut Terje Rekve for å få eit møte om eigedomen.

- Vi er interesserte i å by, men det kjem an på kva bruk av tomta som blir fastsett, seier Øyvind Tøsdal til OFP.

Rådmannen seier han er open for innspel, og at det er tid til å omregulera før sal.

Fleire saker