Lissy Tunes opnar Fritio

Fritio i Os held fram som jubileumsåret 2007, med å ha arrangementet i mars i staden for på hausten. Og i år har dei endeleg fått Lissy Tunes på programmet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- Vi har hatt hatt lyst å ha med Lissy Tunes tidlegare òg, men då har det ikkje passa. Vi er veldig nøgd med at vi fekk dei med i år, seier leiar for Os Bygdakunstlag, Randi Hjertaas.

Rita Undheim fortel at ho stiller med 43 PU-artistar, delt i seks grupper, blant anna trekkspelgruppe, dansegruppe og band.

- Lissy Tunes reiser mykje rundt og spelar, medan det dessverre ikkje blir så mange høve til å opptre i Os. Fleire har etterlyst lokale konsertar, så det blir ekstra kjekt å få vera med på Fritio, seier Rita om opningskonserten 12. mars.

Kultursjef Lisbeth Axelsen skal stå for offisiell opning før Lissy Tunes overtar scenen. I løpet av Lissy-konserten skal scenen riggast om, og då kjem innslag med elevar frå musikk- og kulturskulen, leia av Johannes Agasøster.

Frå haust til vår
Fritio i Os har tidlegare vore arrangert seint om hausten, men då dei feira 30 år i 2007 blei det store kulturarrangementet flytta til mars.

- Om hausten er det mykje anna som skjer, både lokalt og i Bergen. Vi fann ut at mars er ei tid vi får meir for oss sjølv, seier Hjertaas.

Derfor held dei fram med å bruka våren for Fritio, som blir arrangert annakvart år.

Heidrar Bernt
Multikunstnar og Fritio-entusiast Bernt Kristiansen, som brått gjekk bort hausten 2008, skal i år heidrast med både utstilling og framføring av tekstar.

- Vi skal laga ein festkveld til minne om Bernt, der Leif Ragnar Tveit saman med Eli og Stein Inge Brekkhus skal framføra nokre av tekstane hans. I tillegg skal vi ha ei utstilling av kunst og bøker i kjellaren, som Hjørdis Juvik og barnebarnet til Bernt, Eva, har ansvar for, fortel Hjertaas.

Show og korsong
Arrangørane sjølv, Os Bygdekunstlag, skal i år stå for noko som er meir eit show enn ein revy.

- Jan Helge Corneliussen og mannen min Inge kjem til å stå i spissen for noko som blir ein blanding av standup, vitsar og litt anna, røper Randi.

I kyrkja blir alle kora samla til konsert, i Fjellheim skal det også vera ei framsyning og komponist Glenn Erik Haugland saman med dansar Patricia Langeland.

Fritio i Os blir avslutta med konsert av Os Musikkforening sundag 22. mars.

Fleire saker