midtsiden

Poengdeling

Ei perle av Robin Hjertnes sikra poeng til Søre Neset i seriestart mot Minde sundag kveld.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søre Neset starta som begge Os-laga serien på bortebane. I fjor vann dei heime over Minde, men tapte 0-3 borte.

- I går starta det bra, med felling av Frank Haugland i feltet og 1-0 på straffe av Kjetil Henriksen, fortel trenar Bjarte Arentzen.

Men Minde utlikna på noko Arentzen kallar eit rota-mål etter klabb og babb i foran buret.

- Ei fin pasning frå Morten Røttingen blei elegant putta i mål av Frank, så då leia vi 2-1 til pause.

Svak start på andre halvdel
Andre omgang starta med eit lite energisk bortelag. Heimelaget utlikna og overtok leiinga.

- Men så kom ei perle av eit skot av tidlegare Os-junior Robi Hjertnes. Frå 18 meter knuste han ballen i vinkelen og sikra poengdeling.

Arentzen meiner det ser lovande ut for Søre Neset, og har tru på at det skal bli ein kjekk sesong.

Søre Neset spelar neste kamp på heimebane, fredag klokka 19 mot Apollo.

Fleire saker