midtsiden

Vil ha fleire med

Svein Skoglund ser fram til første trimmingsseglas, og håpar endå fleire seglarar melder seg på dei sosiale og lærerike småkonkurransane i fjordane rundt Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga har det vore sjøsetjing i Os Seilforening si hamn i Kvernavika på Strøno. Tysdag i neste veke er det tid for årets første trimmingsseglas.

- Når vi seglar så tett saman med andre så lærer vi mykje, spesielt om korleis små justeringar på segla får båtane til å gå fortare. Dette er noko ein også kan ha nytte av når ein skal på tur, seier den erfarne rormannen på Tina for II, Svein Skoglund.

Kurs og starthjelp
Sesongen i fjor blei prega av lite vind, men mange fine seglas og opplevingar, synes Skoglund.

- Vi hadde også god deltaking, men det er plass til fleire.

Os Seilforening legg opp til at alle kan vera med, og tilpassar gjerne seglasa etter kven som melder seg på.

- Vi har i år også hatt eit seglkurs for nybegyrjarar, noko vi håpar kan vera med på å auka deltakartalet.

Kvar tysdag er det seglas i fjordane rundt Os, annakvar tysdag i samarbeid med Milde båtlag og start ved "Blia" i Krossfjorden.

- Målet er at flest mogleg skal få oppleva det å vera saman med fleire andre seglarar på fjorden, og eit snev av konkurranse, seier Skoglund (som ikkje akkurat er kjent for å vera lågmælt når det tettar seg til ved start, runding eller målgang).

- Om nokon treng hjelp til å koma i gong er det eberre til å ta kontakt med Os Seilforening , legg han til.

Fleire saker