midtsiden

Åsne skåra

Åsne Takle Eide gjorde god figur då ho som einaste osing spelte regionsturnering i helga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga var det regionsturnering i fotball. Gutar og jenter fødd i 1993, 94 og 95 møttest til turnering i Vestlandshallen, og Åsne Takle Eide (fødd i 94) representerte Os på ein fin måte.

Fredag var ho ikkje med, for då var ho og tok ut nokre boltar frå ein tommel som har vore knokke. Men skinnene ho hadde på fingen hindra ho ikkje i å spela for krinslaget sundag.

Skåra på andre touch
Hordaland, som slo Sogn og Fjordane 1-0 fredag, leia 3-0 over favorittane frå Rogaland. Men bortelaget hadde byrja å koma med i kampen då Åsne kom på banen.

I første involvering gjorde ho seg gjeldande, andre toch gjekk rett i mål. Med 4-0 var sigeren sikra, og Åsne var også involvert då Hordaland sette inn kampens siste mål, 5-0.

Gode tider for jentefotballen
Jentefotballen i Os er også elles i godt slag. Jenter 14 (fødd i 1995) vann 7-ar-klassen i opningscupen (BKK-cup) like før påske.

Os jenter 15-17 vann første seriekamp 4-0 borte mot Fana 2 sundag kveld. (Der Os stilte med eit svært ungt lag: To 14-åringar, ein 16-åring og resten 15-åringar. Dei gjorde likevel ein god kamp og vann fortent. To gode keeparar gjorde at det ikkje blei fleire mål.

Fleire saker