midtsiden

Klar til byggestart

Vassbakk & Stol fekk oppdraget med opparbeiding av tomta til Os kunst- og kultursenter. Fredag er det byggestart.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det skulle vore kontraktskriving i dag, men ordførar Terje Søviknes sitt tysdag kveld og finles på papira før signering.

- Det blir kontraktskriving, stadfestar han.

Vassbakk & Stol får med det oppdraget med å opparbeida tomta der Os kunst- og kultursenter skal byggast. Oppdraget inkluderer også fylling i sjø.

- No kjem entreprenørane til å kjøra fram maskiner og gjera klar, fredag klokka 13.30 er det offisiell byggestart, seier Søviknes.

Tomta skal leverast byggeklar før sommarferien. Kva som skjer med tilkomst til friluftsarealet får vi veta meir om på fredag.

Oppdraget gjeld ikkje arbeid med ny veg fram til tomta, gjennom Os Sjøfront sitt område.

Fleire saker