midtsiden

Snart går første salve

Vassbakk & Stol mobiliserer for full på Mobergsneset. Allereie måndag eller tysdag skyt dei første salve.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag kom dei første maskinene på plass på Mobergsneset. I dag har Vassbakk & Stol, som har fått oppdraget med opparbeiding av Os kunst- og kultursenter si tomt, så vidt byrja med graving og reinsking.

- Vi riggar til litt først. Ei større gravemaskin lagar seg ny veg ned til Mobergsneset medan dei andre så vidt har byrja å jobba.

- Men det er først over helga at det brakar laus. Første salve blir skote måndag eller tysdag, seier anleggsleiar Morten Ophaug til midtsiden.no.

Fredag er det offisiell byggestart.

Fleire saker