Heimesiger!

Juniorlaget låg under 0-2 men klarte å snu årets første heimekamp.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Juniorlaget slo Odda i årets første heimekamp.

- Dette var veldig kjekt, og imponerande av gutane, seier hovudtrenar Øyvind Steffensen.

Snudde kampen
Gjestane starta best, og leia 2-0. Men så fekk det unge juniorlaget til Os ting til å fungera.

- Espen Kopperud reduserte før Daniel Vevatne utlikna.

John Ole Johannessen sørgja for 3-2, før Vevatne auka til 4-2.

Odda reduserte til 4-3 på straffe, men Os junior elite heldt seg eitt framfor til dommaren blåste.

- Etter det stygge bortetapet på Osterøy, og med så mange unge på laget, var det ekstra kjekt med denne sigeren, seier Steffensen.

Juniorane spelar neste kamp på bortebane mot Løv-Ham tysdag 28. april.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11