Henrik J. Askviks Sønner As hadde Brunswick Marine som deleigar. Då Brunswick kom inn skifta Askeladden frå Yamaha til deleigaren sine merke, Mercury og Mariner. Askeladden Boats AS, som snart tar opp igjen båtproduksjonen i Askvik, held fram med Mercury innanbords, men skiftar til Suzuki utanbords.

Under reorganiseringa og oppbygginga av nye Askeladden Boats, har selskapet inngått eit Europeisk samarbeid med Suzuki, og med Erling Sande AS i Noreg som hovudsamarbeidspartnar på utanbordsmotorar.

- Dette er vi veldig nøgde med. Selskapet har sidan slutten av 90-talet utelukkande fokusert på utvikling av 4-takts motorer. Dei har det breiaste tilbodet av drivstoffgjerrige og stillegåande påhengsmotorar i marknaden - i tillegg er Erling Sande As Europas eldste importør av Suzukimotorar. Vi føler vi oss trygge på at dette er eit godt val for framtida, seier dagleg leiar i Askeladden Boats, Henrik Askvik i ei pressemelding i dag.

- Askeladden kjem no sterkt tilbake. Ekspertisen, erfaringa og ikkje minst; at Askeladden er Noregs mest kjente båtmerke, gjer at selskapet er ein svært spennande partnar. Vi er stolte som får lov til å vera med på den vidare satsinga, seier marknadssjef i Erling Sande AS, Stein Harald Jørgensen.