Skaperen-mareritt på TV2 i kveld

 
Først blei han skulda for dokumentfalsk, så mista han mikrofonsendaren ned i buksa. I kveld kan du sjå Arvid Johannesen på Skaperen på TV2.


Den skal prøvast ut i Os, og er velsigna av ordførar Terje Søviknes, oppfinninga til Arvid Johannesen (39) frå Fyllingsdalen.

Oppfinninga kan monterast på bosspannet for å pressa bosset meir saman. Men framfor Skaperen-juryen gjekk det ikkje så bra med presentasjonen av bosspressa.

Johannesen har nemleg søkt om patent, og sa til juryen at bosspressa var patentert. Det fekk dommar Shahzad Rana til å koma med påstand om dokumentfalsk.

- Eg hadde på førehand klargjort med Innovasjon Norge og mine samarbeidspartnarar at eg førebels berre har søkt om patent. Men det hadde ikkje dommarane blitt informert om. Sjølv klarte eg ikkje å ta til motmæle mot den vesle hissigproppen, for eg blei sett heilt ut av at eg hadde mikrofonsendaren langt nede i buksa, seier Johannesen til bt.no

I kveld kan du sjå korleis det gjekk med bosspressa og oppfinnaren.