Ordførar Terje Søviknes hadde rekna seg fram til at Os kommune ville få rundt 4 millionar kroner for kvar milliard i tiltalkspakken regjeringa la fram i høve finanskrisa.

- No har eg fått stadfesta at vi får 17 millionar kroner, 11 millionar av dei til vedlikehald og 6 millionar kroner frie midlar, seier Søviknes.

Det er for tidleg for ordføraren å seia kva kvar krone skal gå til.

- Men vi har eit stort etterslep på vedlikehald, så mykje kjem til å gå til bygg og veg, seier han.