Tysdag i 14.30-tida hamna ein bil utfor vegen på Moberg.

- Bilen var på veg ned til Halhjemsvegen retning sør då uhellet skjedde, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

I den krappe svingen etter brua hamna bilen utfor og over på sida før den velta ned igjen på alle fire hjula. Ingen blei skadd og bilen sperra heller ikkje for annan trafikk etter utforkjøringa.

- Politiet kjem ikkje til å oppretta sak på dette, seier Hadler-Olsen.