Nøgd med haustsalet
Kan du gjette kven av desse tre som er den einaste som så langt har seld fullt hus på Oseana?
Til hausten kjem artistar som Rita Eriksen, Ingrid Bjørnov, Christine Hope og Dagfinn Lyngbø til Oseana. Men det er ingen av dei som førebels er 100% utseld på showet sit. Det er derimot ein lokal kar - Thomas Helgesen.
Det første av show hans, den 21. oktober, er nemleg det einaste som førebels er fullbooka i haust. Rett nok berre så vidt foran Dagfinn Lyngbø, som har henhaldsvis to og tre ledige billettar på dei første framsyningane 8. og 9. desember.
Lokalt slår an
Felles for begge komikerane er at dei har satt opp ekstraframsyninger, som det framleis er råd å sikra seg billetter til. Begge har omlag 100 ledige billettar på desse.
– Det er utruleg artig med Thomas og To meter tulling. Det har jo tatt heilt av. Det er tydeleg at osingane set pris på lokale artister. Vi har stadig folk innom som spør etter eit anna lokalt innslag, nemleg Fonos sin julekonsert, seier Veronica Søilen Halhjem, markeds- og kommunikasjonsansvarleg på Oseana.
Godt nøgd
Søilen Halhjem er godt nøgd med salsstarten etter at dei lanserte haustprogrammet i byrjinga av juni.
– Vi har fått gode tilbakemeldingar på haustprogrammet. Fleire fortel at dei nesten ikkje klarer å bestemme seg for kva dei har mest lyst til å gå på.
– Det har vore bra bevegelse gjennom heile sommaren. Vi er godt nøgde med salet så langt. Nokre av dei store, som Rita Eriksen som kjem allereie no i september og Eva Weel Skram, som kjem i november har vore veldig bra.
– Ei vakker framsyning
Eit av etablissementa som alltid står på programmet er Riksteateret, som denne hausten kjem med «Pulverheksa og vennene hennes», Frode Grytten si kritikerroste «Albert og Anna» og Ibsen-klassikaren «Gjengangere».
– Riksteateret sel alltid bra. Til Pulverheksa og Albert og Anna er det no berre omlag 100 billettar igjen.
– Albert og Anna har eg vore så heldig at eg allereie har fått sjå. Det er ei vakker framsyning med nydeleg musikk, som absolutt er verd å få med seg, avsluttar Søilen Halhjem.
Slik ser billettsalet ut:
Midtsiden har sjekka statusen på billettsalet på hausten framsyninger. Har du nokre favorittar, kan det vera lurt å vera om seg. Slik ser det ut per 28. juli:
6/9: Pulverheksa - omlag 100 igjen
8/9: Rita Eriksen - billettar igjen
12/9: Lisa Williams - billettar igjen
15/9: Book of Love - billettar igjen
16/9: Hans-Willhelm Steinfelt - billettar igjen
20/9: Albert og Anna - omlag 100 igjen
22/9: Oseana minifestival - billettar igjen
30/9: Henrik og Emma Noor - billettar igjen
16/10: Ingrid Bjørnov - omlag halvparten seld
20/10: Bente Bratlund - billettar igjen
21/10: To meter tulling - utseld
22/10: Hans og Grete - billettar igjen
28/10: Christine Hope - billettar igjen
10/11: To meter tulling (ekstraframsyning) - omlag 100 igjen
11/11: Gisle Børge Styve og Heine Totland - billettar igjen
17/11: Eva Weel Skram - billettar igjen
18/11: Berre Bjarne (Brøndbo) - billettar igjen
25/11: The Simon & Garfunkel Story - billettar igjen
28/11: Gjengangere - billettar igjen
8/12: Dagfinn Lyngbø - 2 billettar att
8/12: Dagfinn Lyngbø (ekstraframsyning) - omlag 100 igjen
9/12: Dagfinn Lyngbø - 3 billettar att
9/12: Dagfinn Lyngbø - omlag 100 igjen
10/12: Fonos Julekonsert - billettar igjen
11/12: Nordic Tenors - billettar igjen
16/12: Vamp - billettar igjen