Næringsliv | 19. apr. 2010

Nøgd med resultatet

Streiken i byggebransjen varte i fire dagar. At den ikkje blei lengre er partane nøgde med.

Nøgd med resultatet
Gjestmandag 19. apr. 2010 08:09

- Vi har hatt litt produksjon heile perioden, då det har vore fire lærlingar som har vore i sving. Dei har gjort det dei har kunna, men vi har samstundes måtte passa på at vi ikkje har drive streikebryteri fortel Trond Johannessen.

Han seier vidare at stemninga har vore god blant både dei streikande som har gått streikevakt og dei som har vore i arbeid.

Fire dagar utsetjing?
31. mars 2011 skal Oseana stå ferdig. Om streiken gjer at Oseana blir forseinka er det ennå for tidleg å seia.

- Vi varsla byggherren om forseinkingar då streiken var eit faktum, men vil prøva å ta innatt der det er naturleg. Utan at vi set på ekstra personell eller gjer noko ekstraordinært, seier Johannessen.

- Streik er eit av verkemidlane i arbeidslivet som vi berre må ta med oss. Det ligg i kontrakten at ein streik kan medføra forseinkingar.

Dragarar på veg
10. mai er neste milæpælen på Oseana. Då skal det etter planen leverast prefabrikerte ståldragarar til taket på storesalen.

Dei kjem direkte frå Fredrikstad. Om det blir ei utsetjing på desse gjenstår å sjå.

Nøgd med resultatet, men ikkje med streiken
På byggeplassen treff vi hovudtillitsvalgt i Stoltz, Svein Otto Jacobsen som er innom for å orientera om resultatet og oppsummera streiken.

- Vi er nøgde med det resultatet som blei framforhandla gjennom meklinga, men ikkje med at vi måtte ut i streik, seier han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.