Næringsliv | 01. sep. 2009
Nøgd med starten
Askeladden Boats har produsert 60 båtar til no, og det meste er selt.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 01. sep. 2009 15:05
- Vi har hatt ein fin start med det nye selskapet. Til no har vi produsert nærmare 60 båtar, og omtrent alt er selt, seier dagleg leiar i Askeladden Boats, Henrik Askvik.
Produksjonen starta i juni. Frå august til desember skal fabrikken produsera 188 båtar.
Ein del av strategien til det nye Askeladden-selskapet er å først senda båtar til forhandlarane når båtane er selt.
- Derfor må vi ha ein del båtar på lager, spesielt før neste sesong startar. Men vi bør ikkje ha meir enn 100 båtar i hyllene ved årsskiftet, seier Askvik.