Næringsliv | 09. apr. 2010

Nøgd så langt

Onsdag kveld gjekk fristen for å melda forkjøpsrett ut. Os Sjøfront er nøgd med responsen.

Nøgd så langt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. apr. 2010 06:57

- Eg har ikkje tal på kor mange som står på liste over interessentar, men vi har hatt det travelt her i restauranten med å svara på spørsmål, dela ut prospekt og notera namn og nye medlemsskap, sa administrerande direktør i Storbergen Boligbyggelag Anne Gine Hestetun til Midtsiden.no etter første vising på Sjøfront-tomta sundag 21. mars.

Onsdag denne veka gjekk fristen ut for medlemmar av Storbergen som vil melda frå at dei vil bruka forkjøpsretten sin i dette prosjektet.

Dei eldste først
Husværa blir selte til fast pris og blant medlemmar som melder si interesse for prosjektet er det dei med best ansiennitet som får velja først.

Bustadbyggelaget har fått mange nye medlemmar den siste tida, ikkje minst den dagen det var vising på tomta. Onsdag i neste veke er første tildelingsmøte, og då kan veker eller dagar vera nok til å vinna eller mista den vedkomande måtte ha som sin favoritt.

Held tala for seg sjølv
Os Sjøfront AS har no fått nok ein indikator på om dei klarar målet, å selja halvparten, altså rundt 40 husvære innan august slik at dei kan byrja å bygga til hausten. Men tala vi dei ikkje ut med.

- Vi er no midt i ein krevjande prosess som førebels kulminerer i konkrete avtalar under tildelingsmøtet onsdag 14. april. Det er talet den dagen som fortel om interessa knytta til Os Sjøfront, og vi har ikkje lyst til å gå ut med nokre tal før den tid, seier kommikasjonssjef Espen Børhaug til Midtsiden.no.

- Men eg kan stadfesta at vi er nøgd med responsen etter at fristen gjekk ut onsdag kveld, og at vi er optimistar med tanke på møtet neste veke, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.