Lokal | 25. jan. 2017

Nok ein bilførar mistenkt for rus

6 påverka førarar på 3 veker: Tysdag kveld blei ein mann stoppa nord for Os sentrum.

Nok ein bilførar mistenkt for rus
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. jan. 2017 09:16

I 23-tida tysdag kveld blei ein bilist stoppa, mistenkt for å vera ruspåverka.

– Han blei tatt med for blodprøvetaking. Det er tatt beslag i førarkortet og mannen er meldt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

2 for dagen - 2 for veka

Også tidlegare på dagen tysdag, i 13-tida i samband med ei utforkøyring i Øyane, blei ein mannleg bilist mistenkt for å ha vore rusa.

«Edru start på 2017» skrev vi i Midtsiden etter at UP hadde promillekontroll på Søfteland rett over nyttår.

Til og med 24. januar har vi skrive om seks bilførarar som har vore påverka av alkohol, narkotika eller begge delar, 6 rusa bilførarar på 3 veker.

Midtsiden har førebels ikkje fått statistikken for 2016. Lokal statistikk for 2015 viser ei auke frå 42 til 50 rusa førarar frå 2014 til 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.