Sport | 30. okt. 2016

Nok eit Os-opprykk

To lag kunne gå forbi juniorlaget Os 3, men begge tapte.

Nok eit Os-opprykk
Os 3 junior rykte opp til 2. divisjon då ingen av dei to rivalane tok poeng i serieavsluttinga.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. okt. 2016 07:57

I går rykte førsteårsseniorane på nyoppretta Os 3 opp frå 7. til 6. divisjon.

Samtidig kunne Os 3 junior sjå på nett at to rivalar tapte avgjerande kampar.

– Vi spelte oss ferdig tidlegare i veka. Vi stilte med berre elleve mann, men slo Løv-Ham 4-1, fortel trenar Tore Kleppe.

– Men vi hadde trudd at minst eitt av dei to laga rett bak oss ville gå forbi då dei spelte sine siste kampar.

Vann avdelinga likevel

Sånn gjekk det ikkje, både Bremnes 2 på 2. plass og Gneist 3 på 3. plass tapte sine kampar.

Dermed blei det avdelingssiger og opprykk til Os 3 også i junior.

Os 3 tok 12 poeng på 6 kampar. Nore Neset sitt juniorlag speler i same avdeling og tok 4 poeng og landa på 7. plass.

SJÅ TABELL

Stor ungdomsgruppe

– No har vi, i tillegg til tre seniorlag med mange flinke ungdomar, tre juniorlag, eitt i toppen av 1. divisjon, to i 2. divisjon.

– Det må vera bra for ein klubb som for fire år sidan sto utan juniorlag, synest Kleppe.

Mens dei beste juniorane har spelt junior 1 og senior Os 2 i 4. divisjon har dei to andre laga vore delt nokolunde etter alder, 1998 og '97 på Os 2 og 1999 på Os 3.

– Vi tok ei grovsortering på årgang, så har vi spurd i etterkant om nokon vil skifta lag, og då gjekk det eit par spelarar kvar veg så begge hadde ein stall på 20.

97-årgangen blir senior neste år, men dette kullet utgjer ein liten andel av dei 40 spelarane som i år har vore stammene på Os 2 og Os 3 junior.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.