Sport | 16. feb. 2011

Nok frukt i fotballen?

Ernæringsterapeut Kjersti Moberg kan scanna antioksidantnivået i kroppen din. Vi var med då ho sjekka status hos fire av A-lagsspelarane til Os.

Nok frukt i fotballen?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. feb. 2011 21:11

Kjersti Moberg har vore interessert i kosthald og alternativ medisin i mange år. Sommaren 2010 var ho ferdig med bachelorgrad i ernæring, ei treårig utdanning som gjer at ho kan kalla seg ernæringsterapeut.

– Eg lærte litt i løpet av desse tre åra, men det var mykje eg kunne frå før. Uansett var det greitt å få papir på kva eg kan, seier Kjersti.

Konkurrerer om å eta sunt

Moberg driv eiga verksemd der ho hjelper folk med tips til korleis dei bør eta. Eit av verktøya ho bruker er Pharmanex Biophotonic Scanner, eit instrument som ved hjelp av eit laserlys måler det karotenoide antioksidantnivået i hudvevet.

– Både stress, sjukdom og tobakksbruk gjer at vi treng ekstra mykje antioksidantar. Også trening gjev ekstra behov. Frukt og grønsaker er gode kjelder, fortel Moberg.

– Mange synes dette med noko målbart er både spennande og motiverande. Venninner og ektefelle konkurrerer mot kvarandre om kven som betrar resultatet mest til neste måling, fortel ho.

– Over 60.000 nordmenn har målt sitt nivå, og snittet ligg på 24.000.

Fredrik flinkast med frukt

Då Kjersti inviterte fire Os-spelarar til å sjekka antioksidantnivået sitt fortalte dei også om kosthaldsvanane sine. Alle trener fleire økter i veka i tillegg til dei fire fotballøktene. Mykje trening aukar behovet for inntak av mat rik på antioksidantar. Ingen av dei røyker. Alle seier dei et 2-3 frukt om dagen, bortsett frå Fredrik, som er oppe i 4-5.

Kjetil Hansen (keeper):

– Eg er flink med kosthaldet, både maten og kosttilskot, drikk proteindrikk, tar C-vitamin og drikk tran.
Dagleg inntak av frukt: 2-3
Score: 37.000

Ramo Racic (spiss):

– Eg er litt kresen, så eg et ikkje så mykje grønsaker og frukt.
Dagleg inntak av frukt: 2-3
Score: 29.000

Dani Alvær Bergstø (midtstoppar):

– Eg har ikkje vore så flink tidlegare, men har skjerpa kosthaldet no når sesongen starta igjen.
Dagleg inntak av frukt: 2-3
Score: 28.000

Fredrik Heggland (midtbane/angrep):

– Eg tar ikkje tilskot, eg et vanleg mat og tar ei banan etter trening.
Dagleg inntak av frukt: 4-5
Score: 49.000


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.