Lokal | 09. sep. 2020

Nok venting, nok somling – Moria brenn

Vi ber regjeringa gje oss i Bjørnafjorden utfordringa med å ta imot nokre av dei.

Nok venting, nok somling – Moria brenn
Torgeir Skjælaaen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. sep. 2020 10:35

Etter mykje press vedtok Stortinget å ta i mot nokre barn frå flyktningeleiren i Moria. Etter mykje somling gjer dei no førebuingane til å gjennomføra vedtaket.

Medan vi masar, ventar og somlar her i Noreg har koronapandemien nådd ein leir der smitteverntiltak slik vi kjenner det ikkje lar seg gjennomføra. Etter at vi har sett på denne krisa i vår eigen verdsdel i lang tid, brann dei få fasilitetane desse menneska hadde ned til grunne.

No kan vi ikkje venta lenger, no kan vi ikkje hjelpa nokre få. Om alle europeiske land tar 500 flyktningar kvar no, gjev vi alle i leiren sjansen til å få asylsøknaden handsama på ein god måte, og vi gjev dei tryggleik og menneskeverd medan dei ventar.

Det kan ikkje vera for mykje å be om. Det kan ikkje vera noko å lura på.

Miljøpartiet dei grøne i Bjørnafjorden oppmodar Erna Solber og hennar regjering om å setta i gang straks, og vi ber om at dei gjev Bjørnafjorden kommune og oss som bur her utfordringa med å ta imot nokre av dei som kjem hit.

Torgeir Skjælaaen
Kommunestyrerepresentant fro Miljøpartiet dei Grøne, nestleiar i tenesteutvalet i Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.