Lokal | 07. nov. 2013

– Nokon vil nok slita

Etablering av Borgafjell barnehage kan gjera at barnehagane i Os kjem til å slita med å overleva.

– Nokon vil nok slita
Os Barnehage (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 07. nov. 2013 14:50

Den frie etableringa av private barnehagar som blei gjennomført i kommunen for å oppnå kravet om full barnehagedekning skapar no alvorlege utfordringar for både kommuneøkonomien og truleg nokre av dei private aktørane.

Den siste av barnehagane som fekk løyve under det tidlegare regimet, Borgafjell Barnehage, er planlagt opna 16. desember i år.

– Vi har heilt sidan 1.1. 2009 hatt full barnehagedekning i Os kommune.

– Alle barnehagane driv innanfor lova og vi har eit godt samarbeid med dei, men omlegginga av finansieringa til private barnehagar har gjeve oss store kostnader, då dei har måtte ta inn barn som ikkje har rett på barnehageplass for å få det til å gå rundt.

– Så langt har 20 barn sagt ja til plass i Borgafjell.

– Det finnst ikkje 100 nye barn til å fylle opp barnehagen med. Dei må faktisk bli født før dei kan søkja om barnehageplass, orienterte barnehagefagleg rådgjevar, Irene Ullensvang i formannskapet sin budsjettkonferanse.

324 sluttar

Det rekordstore 2008-kullet har denne vinteren sitt siste år i barnehagen.

– Til sommaren blir barnehagane tømt med 324 barn fødd i 2008.

– Det er 50 fleir enn i fjor og 50 fleir enn til neste år.

– Det er dermed fleire ting som slår uheldig ut for dei som har etablert seg i Os, konstanterte rådgjevaren.

Må nokon leggje ned?

Konsekvensen av overetableringa og det store 2008-kullet vil gjera at det blir større kamp om borna og at barnehagane vil freiste å hente born frå ein barnehage til sin eigen.

– Er det ein reell moglegheit at ein barnehage legg ned til neste år, som følgje av konkurransen, undra Espen Aspenes (Frp).

– Eg seier ikkje det vil bli sånn, men det er ei reell problemstilling.

– Styrarane i dei private barnehagane er klare over utfordringane, stadfesta Ullensvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.