Nora Berge var med på å snu kampen og blei toppskårar med 9 mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nora kan ha berga Os frå nedrykk

Vill jubel i Oshallen då Os snudde kampen og slo Bjørnar i nest siste serierunde.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os fekk kniven på strupen etter tap for Stord på bortebane i førre veke.

I dag spelte dei sesongens nest siste kamp. Begge dei siste rundane går på heimebane, i dag var Bjørnar motstandar.

På bortebane tapte Os heile 33-21 for Bjørnar, i dag var det jamnare.

Sjå video av sluttminutta nedst i artikkelen.

Hylla toppskåraren

– Vi hadde ein downperiode i første omgang, men løfta oss, heldt oss til avtalane og snudde kampen. Eg er så utruleg stolt av jentene i dag! seier fungerande hovudtrenar Gitte Torp.

Etter kamp var beskjeden klar: «Nora skal i lufta!». Nora Berge skåra 4 av 7 mål då Os gjekk frå 6-13 til 13-14, sette første skåring i 2. omgang og blei toppskårar med heile 9 mål.

– Eg veit ikkje heilt kva som fungerte så bra i dag, men dei låg flatt med forsvaret og eg fekk mykje rom. Det blei enkelt både å finta og å skåra, seier Nora til Midtsiden etter kamp.

– Å bli kasta i lufta var kjekt, men veldig skummelt, legg ho til.

Berre éin gong tidlegare denne sesongen har nokon blitt hylla på denne måten, det var då keeper Tiril «gjekk i lufta».

Os - Bjørnar 28-23 (12-14)
Os: Tiril Grønvigh, Marlene Sund, Nora Berge 9, Line Hjelle Berentsen 7 (inkludert 2 frå 7m), Thiet Dang 4, Anna Martine Særvold Mjånes 2, Irmelin Catarina Munch Lund 2, Hilde Kristine Røttingen 2, Mia Torp Nielsen 1, Liv Pauline Lunde 1, Marie Henriksen Håland og Emma Lyssand.

Anna Mjånes sterk frå start 

Os opna med å leia 2-0 etter mål av den eldste og den yngste på laget, Hilde Kristine Røttingen og Anna Martine Særvold Mjånes.

– Anna har ikkje berre klart seg greit etter debuten for eit par veker sidan, ho speler svært godt både i angrep og forsvar, og ho er uredd of sterk.

– I dag spelte ho frå start. Det skal litt til, ikkje minst i ein avgjerande kamp som denne.

Både Anna og Hilde Kristine skåra to mål kvar og gjorde ein god jobb i forsvar.

– Bjørnar sin strek, Marte Markås Mellingen, skåra 8 mål. Vurderte du å endra forsvarsformasjonen og å trekka bak ho som låg ute?

– Vi snakka litt om det i pausen, men vi har ikkje så mange som trivst med å ligga som forsvarstrear. Tiril liker dessutan at vi speler denne formasjonen for då ser ho betre. Vi varierer litt i prestasjon i denne formasjonen, men etter at vi fekk luka vekk nokre feil klarte vi oss langt betre.

Snudde kampen rett etter pause

Os gjekk frå 2-3 til 2-4, henta seg inn igjen til 6-6, men hamna bak 6-10 og 10-14. Mål av Line og Thiet (på retur frå skot av Nora) gjorde at det sto 12-14 til pause.

Fem minutt ut i andre omgang var Os ajour igjen. Irmelin utlikna til 15-15 og heldt fram med å gjera ein god jobb som strek. Mens Mia blei skifta innpå til defensivt spel, lagde Irmelin fleire straffar og skåra to mål.

I første omgang fekk Os eitt forsøk frå 7 meter og missa. Bjørnar fekk 4 forsøk og skåra på alle.

I andre omgang blei det 2 mål frå straffemerket på Line, som dessutan hadde 5 spelemål.

Nore Neset skapte stemning på tribunen

Frå halvspelt 2. omgang leia Os med tre mål eller meir. På tribunen var det stor stemning, ikkje minst takka vera Nore Neset J11, laget som Hilde Kristine Røttingen trener.

Jentene hadde med seg både fløyter og roperter og var med på å gje Os-damene inspirasjon til å dra den viktige sigeren i land.

Må kanskje vinna siste runde òg

Os har neste og siste kamp heime mot Fana 2 søndag 8. april.

Om Bjørnar, som har to kampar igjen, i mellomtida taper for det same Fana 2, eller speler uavgjort, så har Os unngått nedrykk.

Viss Bjørnar vinn blir alt avgjort i siste runde. Bjørnar møter Fyllingen, som ligg på 6. plass, i serieavsluttinga.

TABELL OG TERMINLISTE

Midtsiden sendte slutten direkte frå Oshallen via Facebook.

Trykk her for å følgja Midtsiden på Facebook

 

Fleire saker