Nordisk meister
Juniornoregsmeister i vassjet, Markus Slettebakken, gjekk heilt til topps i Nordisk meisterskap i helga. Kameraten Martin Rekkum fekk sølv.


Dei tre osingane Markus Slettebakken, Martin Rekkum og Freddy Haugan gjorde det skarpt i Nordisk meisterkap i vassjet i Henon utanfor Gøteborg i helga.
- Haugan imponerte med 7. plass i sitt andre meisterskap, og Martin kjørte frå alle svenskane og hamna på 2. plass både i denne fjerde runden og samanlagt, seier far til vinnaren Markus, Tor Slettebakken til midtsiden.no.
Førre runde gjekk i Bergen, og der blei det 1. plass til Markus og 3. plass til Martin.
- Markus prøvde seg også i seniorklassen, sjølv om han ikkje er senior før han har fylt 17.
15-åringen hamna på 13. plass blant dei 22 som starta.
- Han var trøytt etter løpet. Det var uvant for ein junior, som er vane med å kjøra 6 rundar per heat, å konkurrera mot seniorar i 10 rundar. Men han klarte 10. plass i første heat, seier Tor nøgd.
Han fortel også at Markus vurderer å gå opp til seniorklasse allereie neste år, eit år før tida.
- No har han vunne NM to år på rad og klatra frå dårleg plassering til 1. plass i Nordisk, så han treng kanskje større utfordringar. Men då må han òg tåla at det blir litt færre medaljar, legg Slettebakken senior til.