Nordisk meister!

Arne Hadler-Olsen vann i Danmark.

Arne Hadler-Olsen blei nordisk meister i dobbeltsculler laurdag. Her under førebuingane på Vindalsvatnet tidlegare i sommar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 05. juli 2014 18:01

Dei to Os-roarane Arne Hadler-Olsen og Mattias N. Haugland deltek i helga i nordisk meisterskap for juniorar i Sorø i Danmark.

Laurdag rodde Arne saman med Adrian Lindgren frå Tønsberg dobbelscullar.

Dei to unggutane frå Noreg gjorde det skarp og vann det 2000 meter lange løpet på tida 6.47.50, nesten eitt sekund framfor Danmark på andreplass.

Dei to osingane skal også ro åttar med styrmann saman med roarar frå Fana og Bergen. I fjor hamna Noreg sin åttar på 2. plass, i år går dei for gull.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå nordisk meisterskap i roing i løpet av helga.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.