Kultur | 09. des. 2014

Nordstoga åleine

– Det blir intimt og personleg, seier Odd Nordstoga om konserten i Oseana onsdag.

Nordstoga åleine
Odd Nordstoga kjem til Os 10. desember. (Pressefoto)
Kari M. Lyssandtysdag 09. des. 2014 13:29

Dei fleste av oss har høyrd Odd Nordstoga sine viser om grisen som står og hyler og frøken Franzen, og i morgon, onsdag, kan ein få moglegheita å høyra han live i Oseana.

– Då speler eg utvalde låtar frå "best of"- repertoaret mitt og så får publikum stifta kjennskap med ei bok som eg har laga i musikalsk versjon, fortel Nordstoga.

I fjor heldt han 136 konsertar saman med Ingebjørg Bratland, medan dette året har han tatt det rolegare.

– Frå oktober til desember har eg 10 -12 konsertar, før eg reiser til Göteborg for å spela inn nye låter, og så er det jul.

Eigna seg aleine

Sidan Odd Nordstoga slo gjennom for alvor for ti år sidan har han blant anna gitt ut fleire soloalbum, julealbum med Sissel Kyrkjebø og laga musikken til TV-seriane Linus i Svingen, Jul i Svingen og Vaffelhjarte.

Etter å ha turnert i nesten eit år saman med Bratland er det no berre Nordstoga, trekkspelet og gitaren som står på scena i Oseana.

– Musikken min eignar seg fint å spele aleine, eg må ikkje ha med DJ eller musikarar.

– Det blir veldig intimt og personleg.

Sjølv om det ikkje er ein julekonsert så utelukkar ikkje Nordstoga at det kan koma ein julesong mot slutten av konserten.

Vore mange gongar i Os

På spørsmål om han hadde vitja Os tidlegare, blei Nordstoga litt usikker.

– Er ikkje det der ferga kjem inn? Jau, då har eg vore mange gongar i Os, seier han muntert.

Nordstoga fortel at det har vore veldig god stemning på dei tidlegare konsertane han har hatt.

– Det har vore veldig vellukka og det er eg veldig glad for.

– No håper og trur eg det blir like god stemning i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.