Nore Neset er i gang i Dana Cup
Ein stor delegasjon med spelarar, trenarar, foreldre og søsken er på plass i Danmark, der seks lag frå Nore Neset il skal i elden.
Over 23.000 lag frå over 3.900 klubbar deltar i Dana Cup siste veka i juli.
Nore Neset er på plass med seks gutelag, G13, G14, tre G16-lag og eitt juniorlag (G19).
– Vi er 72 spelarar, 39 av dei er på G16, fortel Kenneth Hufthammer.
Han er ein av trenarane og leiar G16 1 i kamp.
Over 200 små og store på tur
– Det er mange foreldre og søsken med, i alt er vi nok godt over 200 frå idrettslaget på tur saman.
Mange bur saman på eit feriesenter på Grønhøj Strand, men nokre bur i feriehus dei har leigd andre stadar.
Siger i første kamp
Kampane startar i dag og dei fleste Nore Neset-laga speler i kveld.
Éin kamp er overstått, gutar 13 starta med 2-0-siger i første innleiande kamp, som gjekk mot Mandalskameratene.
Laga frå Nore Neset møter motstand frå blant anna Noreg, Danmark (naturlegvis), Tyskland og Ghana.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.