Sport | 04. aug. 2018

Nore Neset/Os tapte for Stabæk

Norway Cup: Nore Neset/Os sleppte inn eitt mål på 7 kampar, men klarte dessverre ikkje å skåra i finalen.

Nore Neset/Os tapte for Stabæk
Nore Neset/Os J15-1. (Foto: Endre Brenne)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. aug. 2018 11:54

Nore Neset/Os jenter 15 spelte i dag ein historisk finale i Norway Cup, blant dei to beste av 44 lag i klassen!

Kampen gjekk mot Stabæk, 2x 25 minutt, og blir sendt direkte på TV2.

Stabæk har som Nore Neset/Os vunne alle sine kampar fram til finalen, med 18-0 i målforskjell (mot NN/Os sine 23-0), men måtte til straffekonk mot Austevoll og vann berre 3—2 over Bremnes i kvartfinalen.

NORE NESET/OS - STABÆK 0-1 (0-1)

I fjor rauk Nore Neset ut på golden goal i semifinalen, i år var det berre eitt baklengsmål som skulle til for at finalesigeren glapp.

Jentene kan likevel vera glade og stolte over ein sterk 2. plass i verdas største fotballturnering.

Vi oppdaterte frå 2. omgang:

51. Slutt. Stabæk vinner 1-0.

50. Kamper er på overtid. Det er lagt til berre 1 minutt.

48: Stabæk på løp og prøver seg på skot eit par gongar i sluttminutta, men skyter utanfor og over.

45: Gult kort til Vilde. Stoppar ein Stabæk-spelar på løp, men er litt uheldig med taklinga. Frispark til Stabæk frå ca 23 meter. Skyter litt over tverrligger.

44: Nore Neset/Os frampå, men mister ballen rett utanfor 16-meteren.

41: Corner til Stabæk. Går ut.

40: Dobbelsjanse til Stabæk, men keeper Anne ser ikkje ut til å ha plan om å sleppa inn meir enn dette eine målet.

38: Vilde knuser til i duell, vinner ballen, går fire steg over midtbanen og prøver seg på eit langskot. Framleis 0-1.

33: Corneren blei resultatlaus. Frispark til NN/Os.

32: Corner til Stabæk etter at Nore Neset/Os klarerer eit innlegg.

26: – Vi kan betre enn dette. No skal vi bli meir aggressive i presset og bli flinkare å koma etter, seier Jan Frode Skeie, ein av trenarane til Nore Neset/Os, til TV2 i det 2. omgang startar.

1. omgang: Stabæk hadde overtaket i første omgang, og finalen var knappe 3 minutt gamal før dei tok leiinga. Skåringa er Nore Neset/Os sitt første baklengsmål i turneringa. Ein omgang med høgt tempo.

Nore Neset/Os sin tropp:
Anne Noss Nordvik
Lenea Hjelle Fløysand
Inger Christine Foldrup
Thale Strønen Skeie
Malin Solstrand Ludvigsen
Kine Ullensvang Moland
Ingeborg Hernes Leonsen
Nora Kvinge Austevoll
Andrine Brunvatne Kvittingen
Celina Eide Døsen
Agathe Cöllestine Lekven
Astrid Mathilde Mjånes
Hedda Stamnes Lindbom
Nora Blindheim Nøss
Karoline Østgulen Hevrøy
Anna Rød
Vilde Drange Veglo

Alle resultata fram til finalen:
P1: Nordre Fjell - Nore Neset/Os 0-6
P2: Otta - Nore Neset/Os 0-9
P3: Nore Neset/Os - Oppegård 7-0
1/16-finale: Walkover
1/8-finale: Nore Neset/Os - Bjørn 8-0
Kvartfinale: Nore Neset/Os - Gjelleråsen 1-0
Semifinale: Kolbotn - Nore Neset/Os 0-3
Nore Neset/Os - Stabæk 0-1

Midtsiden kjem tilbake med meir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.