Start-ellevaren med Ole Martin Kolskogen (bak, nr 3 frå venstre) mot Hellas (foto: Helge Bjørke/NFF)

Noreg og Olis er kvalifisert til EM

Noreg G17 med Ole Martin «Olis» Kolskogen er klare for EM.

Av: Andris Hamre

Noreg møtte Hellas i det avgjerande kvalifiseringskampen tysdag ettermiddag. Etter å ha spelt uavgjort mot Tyskland (1-1) og slått Skottland (2-1) hadde Noreg eit godt utgangspunkt før den siste kampen.

Med siger eller uavgjort ville Noreg vera klar for EM, uavhengig av korleis det gikk i oppgjeret mellom Tyskland og Skottland (anten som gruppevinner, eller som ein av dei sju beste gruppe-toerane).

Noreg - Hellas 3-0 (0-0)

Noreg sin startoppstilling: Rasmus Semundseth Sandberg, Leo Erik Jean Cornic, Harald Martin Hauso, Jonathan Lein Valberg, Ole Martin Lekven Kolskogen, Thomas Grevsnes Rekdal, Sander Johan Christiansen, Joshua Gaston Kitolano, Noah Jean Holm, Kornelius Normann Hansen, Josef Brian Baccay.

Første omgangen blei ein omgang kor ingen av laga klarte å setta ballen i mål, men berre fire minutt ut i den andre omgangen tok Noreg føringa då Kornelius Norman Hansen satte inn 1-0. Snaue ti minutt seinare var Hansen frampå igjen og auka forspranget til 2-0.

På overtid fastset Kristoffer Askildsen sluttresultatet til 3-0 og Noreg er med det klare for EM G17 som gruppevinnar etter at Skottland slo Tyskland 1-0 i den andre kampen.

Ole Martin Kolskogen spelte heile kampen som midtstoppar.