Sport | 28. aug. 2018

Noregs 4. beste lag kjem til Os i kveld

NM i handball: Os får ein lærerik start på sesongen.

Noregs 4. beste lag kjem til Os i kveld
Thiet Dang var 16 år då ho i 2015 skåra på Tertnes. Danmarksproff og landslagsspelar Stine Skogrand i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. aug. 2018 09:58

Handballdamene til Os avslutta førre sesong med braksiger og berging av plassen i 2. divisjon.

I kveld (kl 19) er første kamp i komande sesong, NM mot Tertnes Elite. Tertnes kom på 4. plass i Eliteserien i fjor, bak Vipers, Larvik og Storhamar.

– Eg hadde håpa på 2. divisjonsmotstand i første kamp og 1. divisjon i neste, i staden fekk vi walkover og så får vi no Eliteserie-motstand, seier trenar for Os, Gitte Torp.

Bursdagsbarnet Gitte vågar ikkje å ønskja seg avansement i NM, men mange fine skåringar og mykje folk på tribunen. Tore Kleppe kjem med Os Turn-flagg for å hausa opp stemninga.

– Vi speler i gamle Oshallen, dobbelhallen skal vera fri for klister. Men vi har gleden av å invitera folk inn i ny foajé, det har jo blitt veldig fint her oppe!

Os stiller med to 16-åringar

Sist Os møtte Tertnes i NM var i 2015.

Kampen enda 16-39 (9-16), der Madeleine Hjertnes skåra heile 10 mål på eliteserielaget.

– Eg ser på troppen dei stiller med at vi skal få bryna oss på fem spelarar med erfaring frå landslaget, rekruttlandslaget og aldersbestemt landslag i Noreg og Sverige.

Blant målskårarane for Os i 2015 var Mia Torp Nielsen og Thiet Dang, som begge var 16 år.

– Vi har med oss to 16-åringar i dag òg. Stine Eide og Nora Marie Johnsen har trent med oss i heile oppkøyringa og skal få prøva seg i kveld. Det blir nok stort både for desse og fleire av jentene å få spela mot Tertnes.

– Kva sportsleg kan laget få ut av ein kamp som denne?

– Vi vil ha fokus på det vi jobbar med i treningskvardagen, og om vi i periodar lykkast med dette, så vil vi garantert lykkast med det i serien.

– Noko av det vi må vera opptatt av er å ikkje mista ballen for lett når vi er i angrep, då blir vi straffa hardt. Vi møter ein motstandar som køyrer eit heilt anna tempo enn det vi er vant med.

Generasjonsskifte

Seriestart i 2. divisjon blir borte mot Åsane 16. september, første heimekamp er mot Oppsal 2 søndag 23. september.

• Les òg: Stor utskifting i troppen

Madeleine Hjertnes og Emilie H. Halhjem blei skadd i løpet av førre sesong, og var ikkje med i dei siste kampane. Elise Hjelle spelte lite grunna mykje reise i jobben. Ingen av dei tre er med vidare.

Samtidig har Hilde Kristine Røttingen, Marie H. Håland og keeper Tiril Grønvigh gitt seg, Liv Pauline Lunde har flytta vekk på skule og Mia Torp Nielsen er skadd og ventar på operasjon.

Os stiller langt yngre enn før. Med unntak av keeperane er Thiet Dang (19) Os sin eldste spelar etter Line Hjelle Berentsen (25).

– Vi har heldigvis fått inn nokre nye. Ann-Kristin Lyssand, som har stått i mål for oss tidlegare, er tilbake. Jeanette Hjartåker Haugland, som er senior, har trent med oss og skal få prøva seg i kveld. Ho har spelt for Nore Neset og har mange fine kvalitetar.

Os har dessutan fått ny strekspelar i Julianne Stene, som er fødd i 199 og har spelt på Bylaget med Mia Nielsen tidlegare. Ho kom til Os frå Fana 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.