Noregs beste!
Solstrand Hotel og Bad kåra til Noregs beste distriktshotell i Grand Travel Award 2014 og som fjerde beste hotell i Noreg av Nettavisen.
I samband med reiselivsmessa i Oslo i helga var bransjen samla til den 19. utdelinga av Global Travel Award på Radisson Blu Scandinavia i Oslo. Det er fagbladet Travel News som står bak kåringa kor fleire tusen tilsette i reisebyrå over heile Noreg har fått moglegheiten til å seie si meining.
I den opne klassa "Årets distriktshotell", kor dei tilsette i reisebyråa peikar ut sin favoritt gjekk Solstrand Hotel og Bad heilt til topps.
Hotellkjeda Nordic Choice blei den suverene vinnaren i kåringa med prisen for "Årets beste hotellkjede", "Årets arbeidsplass", "Årets byhotell" (The Thief) og "Årets innovasjon/lansering" (The Thief).
Fjerde beste i Noreg
Også Nettavisen har kåra sine favorittar i året som har gått. Over 4500 av nettavisen sine lesarar har vore med på å stemme fram dei 25 beste hotella i Noreg.
Igjen hentar Solstrand hotel og Bad heider og ære med ein solid 4. plass bak Hotel Ullensvang i Lofthus, Rica Nidelven i Trondheim og The Thief i Oslo.
Solstrand henta heim fjerde plassen også i fjorårets kåring i Nettavisen, då bak Rica Nidelven, Oslo Plaza og Farris Bad.
Avisa ser eit tydeleg skille på korleis menn og kvinner stemmer i kåringa. I følgje avisa stemmer kvinnene på det som oppfattast som spahotell, medan menna gjev si stemme til dei store storbyhotella.