Sport | 02. aug. 2011

Noregs nest beste jente

Os med 2 av topp 10 under Landsskyttarstemna i Bodø: Lisa Mine Gunhan fekk fullt hus, Joachim N. Midtun fekk 9. plass.

Noregs nest beste jente
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. aug. 2011 20:25

I fjor blei det 15. plass på Lisa Mine, i dag hamna ho på 6. plass i juniorklassen under Landsskytterstemna i Bodø. Berre éi jente skaut betre enn stortalentet frå Os.

– Eg var kjempenervøs på dei første 25 skota, men klarte heldigvis fullt hus, seier Gunhan til Midtsiden.no.

Finaledagen tysdag blei det mykje venting. Eit ras gjorde at arrangørane måtte venta til alle finalistane fekk passasje.

– Heldigvis gjekk ikkje ventinga ut over prestasjonane, det blei 10 tiarar i dag òg.

Det er ikkje lenge sidan Lisa Mine blei medlem av 350-klubben, som dei kallar selskapet av skyttarar som har klart fullt hus. Det er heller ikkje første gong etter at medlemsskapet blei innvilga at ho klarte å styra unna niarar og det som verre er.

– Det har gått fint denne sesongen. Nokre innartiarar til så hadde det blitt medalje.

– Fleire sterke juniorar

Blant juniorane gjorde også Joakim Nerhus Midtun det bra. Han hadde blant dei beste treffa av dei med 249 og kom seg med det til finalen. Der blei det fullt hus og 9. plass.

–Ungdomane våre er veldig gode for tida. Dessverre blei det stang-ut for Cathrine Daviknes, men Joakim leverte og Lisa Mine var strålande, seier leiar i laget, Steinar Eidvik.

Veteran-prinsesser side om side

Os Skyttarlag stiller med 12 deltakarar i Bodø. Til no er det dei yngste og eldste som har gjort det best.

– Else tok seg til finalen og skal ligga på skive 6. Ein ting som er litt morosamt er at på skive 7 ligg tidlegare lagvenninne Åse Moa. Åse blei skyttarprinsesse for Os i 1969, Else i 1970. No skal desse to ligge side om side i finalen for veteran 65, seier Steinar.

Åse skyt no for Kongsvinger. Steinar skal sjølv skyta finale på laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.