Kultur | 18. feb. 2011

Norsk rock på Bar2Be

Det blir musikk av Jokke, DumDum Boys og Raga Rockers når «Verdiløse Menn» i kveld speler på Os for første gong.

Norsk rock på Bar2Be
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. feb. 2011 10:42

Halve «Riff Raff», det populære AC/DC-tributebandet frå Os, er representert i «Verdiløse Menn». «Verdiløse Menn» (namnet på ei Jokke og The Tourettes-låt) var også eit tributeband i starten, for om lag eit år sidan, men no har dei gjort plass til norsk rock frå andre artistar.

- Vi starta som eit tributeband for Jokke og Valentinerne, men speler no også musikk av blant andre Raga Rockers og DumDum Boys, seier Jan Atle «Padden» Åserød.

«Padden» speler bass med Riff Raff, men sit bak trommene med Verdiløse Menn. Med seg har han Riff Raff-kollega Heine Salbu på gitar, Jan-Ove Hansen på bass og vokalist og gitarist Sven-Erik «Svenna» Gabrielsen.

- Det har blitt nokre spelejobbar på oss dette året, blant anna på MC-treff og på pub på Dale for ikkje så lenge sidan. Det blei bra guff på Dale, no gler vi oss til å spela på Os for første gong, seier Åserød om kveldens konsert på Bar2Be.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.