Norway Cup: Dag 2
Jenter 15 med braksiger, gutar 15 treng eitt poeng til for å sikra seg plass i A-sluttspelet.
Bildeserie:
5 av 7 lag frå Os og Nore Neset tok poeng i opningskampane sine søndag.
I går tok 4 av 7 lag poeng, 3 av dei vann sine kampar.
Største siger måndag var det Nore Neset/Os jenter 15-1 som sto for, dei vann heile 9-0 over Otta og står med 6 av 6 moglege poeng før dei i dag avsluttar puljespelet mot Oppegård.
Os G15 har to lag i serien. Førstelaget stiller i årsklassen sin, andrelaget speler med Os G16-2. I fjor kom dei til A-sluttspelet, men rauk ut tidleg på straffekonk mot belgisk motstand, i år treng dei eitt poeng til for å koma i A-sluttspelet.
– Etter 3-0 søndag blei det 1-3 måndag, men vi spelte ein vesentleg betre kamp i går, mot tøff motstandar frå Trøndelag, seier Dagfinn Norvik, som er med og trenar gutar 15.
Då Os reduserte til 1-2 blei sterke Tryg/Lade litt shaky, og Os gav dei kamp fram til dei hamna under 1-3. I dag speler dei mot Bokn, eit lag Tryg/Lade slo 10-0.
– På papiret skal det vera overkomeleg for oss å ta poeng i dag, no gjeld det å ikkje ta lett på denne siste kampen i sluttspelet.
Resultat, kamp 2:
Os G18/19-1: 2-0 (vann første kamp 8-1)
Os G18/19-2: 0-1 (tapte første kamp 1-2)
Os G16-1: 1-1 (vann første kamp 3-1)
Os G16-2: 0-5 (spelte 2-2 i første kamp)
Os G15: 1-3 (vann første kamp 3-0)
Nore Neset/Os J15-1: 9-0 (vann første kamp 6-0)
Nore Neset/Os J15-2: 2-5 og 4-2 (tapte første kamp 1-6, vann 4-2 i går og har i dag tapt 2-5 og landa på 3. plass).
I bildeserien over ser du augneblink frå kampane til Os G19- 1 og -2, og Os G15 måndag.
I dag har vi fotografen vår på jentene sine kampar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.