Sport | 25. sep. 2010

Notodden blei for sterke

Os klarte å halda nullen til pause, men i andre omgang tok gjestane meir over.

Notodden blei for sterke
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. sep. 2010 16:05

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5

Kjetil Hansen står i mål for Os i dag, og fekk ein hektisk dag på jobb.

Begge lag hadde kvar sine sterke 10-minutssperiodar, men dei fleste og største sjansane var det gjestane som hadde.

- Sjølv om vi kunne ha leia 2-0 etter kort tid var vi heldige som ikkje fekk fire-fem imot i første omgang, meiner Frank Hellevik.

Keeper Kjetil Hansen blei kåra til dagens Peppes-spelar.

Til pause sto det 0-0.

Os gjorde to byte i pausen, Torkel Hjertnes og Tore Valvik kom inn for Mats Lepsøe og Erik Kanestrøm.

- Notodden er sterke fysisk og spelte smart. Det kom mest tydeleg fram i ein-mot-ein-situasjonar og då spelet gjekk innanfor 16-metersfelta, der dei beveger seg smartare.

Kampen enda 0-2.

SJÅ SJANSANE OG MÅLA I VIDEO UNDER

- Skal vi vinna ein sånn kamp må alle hos oss prestera betre enn vanleg, i dag hadde vi nokre som var litt under vanleg nivå.

- Litt irriterande at dei skårar på to av dei minste sjansane dei har, den eine var i tillegg hands. Men vi tapte for eit betre lag og no legg vi denne kampen bak oss, seier Hellevik.

- Vi står igjen med fire kampar, alle har vi større sjanse til å ta poeng enn i dag.

Både Stord og Åsane spelte uavgjort i dag. Stord, som Os speler bortekamp mot i neste runde, har no 19 poeng mot Os sine 21. Åsane har 26 poeng.

SJÅ TABELL

Os - Notodden: 0-2 (0-0)
Os sitt lag frå start (4-4-2): Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Per Søgnen Merai, Dani Alvær Bergstø, Anders Glesnes, Mats Lepsøe, Frode Buvik, Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Vegard Leikvoll Moberg og Daniel Kalstad.
På benken: Kjetil Hansen, Tim Henrik Sperrevik, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Kristoffer Sande og Tor-Erik Berge.

Notodden sin tropp:
Nuno Marques, Håvard Straumsnes
Kristian Jahr, Marius Boldt, Steffen Jenssen, Lars Lien, Stian Parkstad Johansen, Andreas Granerud
Borgar Velta, Herolind Shala, Kjetil Lundebakken, Paal Christian Alsaker
Erik Sergio Skogen, Håvard Kleven, Tarjei Dale og Tor-Mattis Kåven

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.