Lokal | 13. feb. 2017

Novemberbarn får rett på plass

Stadige endringar i barnehagelova gjev kommunen og barnehagane nye utfordringar. Truleg får barn fødd i november 2016 rett på plass frå hausten av.

Novemberbarn får rett på plass
Irene Ullensvang er barnehagefagleg rådgjevar i Os kommune (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 13. feb. 2017 14:42

I ei sak til tenesteutvalet kommande onsdag fortel barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang at det i samband med stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2017 blei fatta vedtak om at også barn fødd i november skal få rett til barnehageplass og at det skal tre i kraft frå 2017. Vedtaket foruset at stortinget fattar eit endeleg vedtak om endring i barnehagelova.

– Vi har grunn til å tru at stortinget vil fatta eit slik vedtak i løpet av våren 2017 og har difor vald å seie at også barn fødd i november 2016 må søka om plass no i det ordinære, samordna opptaket, som har søknadsfrist 1. mars, fortel Ullensvang.

Utfordrande

Stadige endringar i barnehagelova er ei utfordring i følgje Ullensvang.

– Stadige endringar som medfører plikter for kommunen gjer at vi til stadighet må endra rutinar og tilpasse oss. Og det gjer vi for så vidt også. Heldigvis har vi eit godt samarbeid med alle barnehagane i Os, så eg har tru på at vi skal få det til denne gangen også. Men det er utfordrande.

– Retten til barnehageplass som blei innført i 2009, og som blei utvida i fjor til også å gjelde barn fødd i september og oktober, er ei plikt vi som kommune har. Dei private barnehagane fastsetter sine eigne vedtekter og treng ikkje der ta omsyn til denne retten, men takka vere den gode dialogen vi har med dei private barnehagane, så har vi sidan 2009 klart å oppfylle kravet kvart år. Det er eg oppteken av at vi også i dei kommande åra skal klara.

Vil koste kommunen noko

Den barnehagefaglege rådgjevaren har full forståing for at dei private barnehagene ønskjer å fylle opp barnehagane frå august.

– Det er ikkje vanskeleg å forstå. Vi ønskjer å få til ei ordning som sikrer rettigheitsbarna i samarbeid med dei private aktørane. Vi har ikkje fleire barnehageplassar enn vi treng i kommunen.

– I saka til tenesteutvalet foreslår vi to ulike alternativ, men administrasjonen tilrår at vi vel alternativet som inkluderer oppstart i barnehagen til og med november ved teljedatoen 1. august. Det gjer at vi både sikrer opptak av barn med rett til barnehageplass i slutten av perioden og at barnehagane får tildelt kommunalt tilskot, sjølv om dei går med nokre ledige plassar i påvente at barn som har rett på, og fått, plass skal byrje.

– Dette vil koste noko for kommunen, men bidrar til at Os kommune oppfyller plikten vi har om å tilby alle med rett på barnehageplass ein plass, poengterer Ullensvang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.