Null promille, jenter kom til rette
Føraren var ikkje rusa, sakna ungar kom til rette og hundar blei tatt hand om.

Politiet stoppa onsdag ein bil kor dei mistenkte føraren for å kjøra med promille.
- Det viste seg at alt var i orden. Føraren blåste grønt, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.
To jenter sakna, begge kom til rette
Tysdag fekk politiet inn melding om at ei ung jente var sakna på Lekven.
- Ho kom heldigvis fort til rette.
Onsdag var ei anna ung jente på tur åleine. Også ho blei meldt sakna, men kom til rette i løpet av kort tid.
Takkar etter leiteaksjon
I samband med leiteaksjonen etter kvinna som blei funnen død onsdag ønskjer Sperrevik å takka Røde Kors, brannvesenet og hundepatruljane for godt arbeid.
- Også kriseteamet til kommunen skal ha honnør. Dei stilte raskt opp for å bistå pårørande då kvinna blei funnen, seier Sperrevik.
Laushundar
Tysdag blei ein hund funnen på Moberg. Eigaren blei kontakta og vedkomande henta hunden.
- Natt til torsdag kom det inn melding om ein laus Schæfer på Bogstrand. Politiet i Samnanger overtok den saka, så eg har ikkje status på kva som skjedde vidare der, fortel Sperrevik.
Avskilta moped
Tysdag avskilta politiet ein moped som blei stoppa på Amfi Os.
- Den hadde formelle manglar med ikkje betalt årsavgift eller forsikring og blei avskilta, forklarar Sperrevik.
Onsdag kveld rykte politiet ut for å ta hand om ein pasient ved ein institusjon som slo seg vrang og trua omgjevnadane. Vedkomande blei tatt hand om av helsevesenet.