Næringsliv | 30. sep. 2009

Ny besøksrekord

Osbadet tener på dårleg sommar og våt haust. Sundag noterte dei ny besøksrekord.

Ny besøksrekord
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. sep. 2009 11:17

Sundag 27. september sette Osbadet ny besøksrekord. Den gamle rekorden på 710 besøkande på éin dag blei slått med 7 gjestar.

- 717 er høgaste besøkstal til no. Talet kunne nok vore endå høgare, for sist vi sette rekord blei dei fleste ventande i kø. Denne sundagen var det fullt allereie klokka 11.30, så køen blei litt lange og ein del reiste heim, fortel dagleg leiar Leif Gunnar Borgen.

Over fjoråret
Besøkstalet totalt for året er også godt i symje- og badeanlegget på Kuventræ.

- Regnvêr er til god hjelp, spesielt om sommaren. Den dårlege julimånaden gav godt besøk, men også om elles i året er det nok fleire som går og badar om ikkje det er turvêr, trur Borgen.

Måndag 28. september er våtaste septemberdag til no, med 38,9 mm nedbør på eitt døgn. Sundag var nok ikkje så langt unna.

Meir servering
Kafé og kiosk er området der Osbadet økonomisk har meir å henta. Med utvida meny opplever dei vekst også her.

- Meir besøk verkar jo inn, men det ser nok ut som om vi sel meir per gjest enn før. Vi ser også på nye tiltak for å auka omsetnaden i kiosk og kafé utover hausten og vinteren.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.