Kultur | 18. juli 2011

Ny besøksrekord!

– Det viktigaste er at folk har hatt det kjekt, seier festivalsjef Andreas Lindborg om besøksrekorden på Rock N LoL.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. juli 2011 07:33

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

– Vi får ikkje tid til å telja billettar, pass og pengar undervegs, men vi får jo visse indikasjonar. Det beste var under avsluttinga med Ida Maria - eg sto berre og såg utover publikum og tenkte «yes, vi fekk det til i år òg, det var verdt slitet», seier Andreas Lindborg.

Nedst i artikkelen:
SJÅ VIDEO FRÅ FESTIVAL-LAURDAGEN

Festivalen har vakse frå år til år, men det har også kostnadane, både til band, utstyr og sjølvpålagte oppgradreringar, som opparbeiding av platting til storscene før fjorårets festival og betra drenering i forkant av årets versjon av Søfteland Rock N LoL.

Ny rekord

Rock N LoL har hatt ny besøksrekord kvart år sidan starten for fem år sidan. I fjor auka besøkstalet frå 1200 til 1600, i år passerte festivalen 2000 betalande gjestar.

– Fredag passerte vi 800, laurdag landa vi på 1200, så det blei rekord i år òg! seier Lindborg nøgd.

Saman med sponsorbillettar og mannskap under festivalen var det over 2500 i sving på Sanden denne helga.

– Det var mange høgdepunkt, frå lokalbanda som samla fullsett telt til Razika som fekk publikum til å synga bursdagssongen og Ida Maria som avslutta fesivalen i berre BH-en, oppsummerer Andreas.

Takkar publikum

Lindborg seier arrangementet også teknisk sett var vellukka, frå lys, lyd og ny plassering på baren til organisering av vakthald og utviding til to scenar.

– I tillegg til alle som hjelper til så har vi publikum å takka for at det blir vellukkka. At det kjem så mange, i s godt humør, og alle oppfører seg så fint medan dei er på fest, er vi veldig takksame for.

Søndag kveld var hovudscenen rigga ned og første del av ryddearbeidet over.

– I år har gjestane til og med vore flinke til å rydda etter seg på Drus Kæmp, der er ikkje kvart år, ler Andreas.

Ordførar og vakt

Eit mannskap på 85 per dag sørgjer for servering, vakthald og rydding under festivalen. Ein av dei mange frivillige som var på vakt laurdag kveld var ordførar Terje Søviknes.

– Eg fekk ein telefon frå Arne Hatlelid frå Søfteland Turn og Idrettslag, som har vaktoppdraget, med spørsmål om eg ville vera med på dugnad. Då sa eg sjølvsagt ja, fortel Søviknes.

– Det er berre kjekt å stilla opp, festivalen har blitt eit kjempearrangement, all honnør til brørne Lindborg med vennar som får til dette her.

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LoL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.