Lokal | 13. mai 2011

Ny bossdag?

Frå mandag 30. mai kan du få ny bossdag. Over helga kjem brev i posten.

Ny bossdag?
Andris Hamrefredag 13. mai 2011 09:34

Bosshenting i kommunane rundt Bergen har vore ute på anbod. Det er framleis BIR som har ansvaret, men til å gjera den praktiske jobben skal no RenoNorden ta over for Retura Vest.

- Det er ein konsekvens av at vi er eit offentleg eigd selskap og anskaffelsar av denne størrelsesorden er omfatta av lov om offentlege anskaffelsar, forklarar kommunikasjonssjef Mette Nygård Havre i BIR.

- RenoNorden har lagt opp rutene litt annerleis enn det Retura Vest gjorde. Difor får no eindel av kundane våre nye tømmedagar for både returboss og papir/plast.

Ny bil, same utsjåande

Bilane som no skal hente bosset ditt vil framleis ha same utsjåande som tidligare.

- Både bilane og arbeiderane skal ha BIR sitt design og logo, men det er operatøren som eig utstyret som nyttast, forklarar Havre.

Ei av dei største endringane i tillegg til endringar i tømmedag er bilen som no skal henta plast og papir.

- Tidlegare blei det køyrd to rundar. Først for å henta papir, så for å henta plast seinare på dagen.

- RenoNorden har kjøpt ei to-kammerbil slik at dei kan hente både papir og plast samstundes. Dei to bosstypane blir skilt i bilen og sendt til kvar sin gjenvinning som før, seier Havre.

Kva tømmedag du får etter 30. mai kjem i eit brev frå BIR i neste veke. Nokre vil få ny dag, medan andre vil ha same dag som tidlegare. I brevet får du òg eit nytt klistremerke som skal settast på papirkonteinaren.

Meir om endringane kan du lesa her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.