Næringsliv | 09. mars 2011

Ny butikk på AMFI Os

Lokalet Diddy Toys nyleg flytta ut av blir ikkje ståande tomt lenge.

Ny butikk på AMFI Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. mars 2011 15:54

I helga flytta Diddy Toys ut av det 150 kvm store lokalet ved Cubus til det 224 kvm store lokalet VIC i januar flytta ut av.

I dag blei det endeleg stadfesta at Playcom kjem til Os og flyttar inn i gamlelokalet til leikebutikken Diddy.

- Playcom er ein sterk aktør på grossistleddet, og sidan dei sit på både butikk- og leverandørsida, vil dei kunna driva ein god butikk med sunn økonomi.
Vi ser fram til å få denne bransjen inn igjen på senteret, seier Anne Kristine Tøsdal.

Playcom sel musikk, filmar og spel - og butikken på AMFI Os opnar allereie i neste veke.

Den nye butikken erstattar med det Musikkverket, som etter nesten 20 år i senteret la ned måndag 28. februar.

Vi har spurt Tor Owe Rennemo frå Musikkverket om han blir å finna i den nye butikken, men han vil førebels ikkje svara på det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.