I førre veke kunne kundane på Amfi Os sjå at ein ny butikk blei stengd.
«Vic har i dag begjært oppbud. Butikken er dessverre stengt. Senterkontoret», er den korte meldinga datert 8. juli som heng ved sidan av den låste porten.
Vic var den av butikkane på senteret som i 2012 auka mest i omsetning med heile 24 % samanlikna med året før.
– Vi fekk beskjed førre veke at Voice, kjeden som vi i realiteten har drive butikken for i 8-9 år beslutta at vi måtte leggje ned.
– Dei skal opne ny butikk i Åsane og på Sartor og hadde funne ut at dei ville ta det tapet dei ville få ved at dei måtte avskrive den gjelda vi hadde til dei, fortel dagleg leiar for Vic Os, Elisabeth Østrem Over.
– Blei overraska
Rekneskapstal henta frå Proff.no, for selskapet som dreiv butikken, Tekstil Partner AS, viser at dei i 2012 klarte å snu underskot til overskot og gjekk med 116 000 i pluss. Omsetjinga har dei siste fem åra lagt rundt 2 millionar kroner i året.
– Det var ikkje lett å måtte ta avgjerda om å melde oppbod.
– Men slik situasjonen blei, så hadde vi ikkje noko val. Det heile kom litt overraskande når vi ser korleis økonomien har betra seg dei siste åra.
– I tilegg har vi gjort det godt, både på mysteryshopper-undersøkingar kjeda gjennomførte og på prisfestdagane som Amfi Os har hatt, kommenterar Østrem Over.
Østrem Over fekk tilbod om å bli med Voice, som har merka Vic, Match og Boys of Europe, over til ein av dei nye butikkane, men har takka nei grunna reiseveg.
– Gledeleg er det tross alt å sjå at det ser ut til å ordna seg med nye jobber for dei tilsette. Dei har anten allereie fått seg det, eller er i ein positiv dialog med ny arbeidsgjevar, avsluttar Østrem Over.