Ny crossbane tek form
Os MC og MX-klubb igang med utvidinga av banen i Kolskogen. Første sløyfa lagt.
Rett før påske i 2014 fekk Os MC og MX-klubb gladmeldinga om at kommunen og Forsvarsbygg var blitt einige om at kommunen fekk leiga eit område frå forsvaret, som dei igjen kunne framleige til klubben.
I april i fjor fekk klubben kommunal garanti for lånet dei måtte ta opp for å få bygd banen og no byrjer den å ta form.
– Yrkesskulen har tatt seg godt ut og laga den eine sløyfa på banen. Det er litt for tidleg å seie når den kan vera klar, men håpet er å få opna den før ferien, seier Kalle Pedersen i Os MC og MX klubb.
Får hjelp av livskvalitet-gjengen
Elevane ved yrkesskulen skal også legga den andre sløyfa oppe på haugen nærare Ulven leir og ned mot dagens bane.
– Det tek dei til med så fort dei er ferdige med det dei held på med no. Det ser lyst ut for banen no.
– Før vi kan ta den første sløyfa i bruk, må vi også få opp omlag 100 meter med støy og innsynsgjerde. Der har vi fått med oss gjengen frå Livskvalitet på Vartun oppfølgingsteneste til å skru gjerde for oss. Eg reknar med at vi kan komma i gang med den delen av jobben over påske, seier Pedersen.
Har finansiering, ønskjer sponsorar
Pedersen fortel at finansieringa er i orden.
– Vi har banklån som gjer at vi kjem i mål med prosjektet, men er framleis ute etter sponsorar. Det vil gjera det heile litt lettare for klubben.
Den nye banen blir på nær 1000 meter når den blir ferdig.