Sport | 01. feb. 2010

Ny cupsiger til G14

Laget som vann Fana Sparebank Cup i haust stakk i helga av med ein suveren siger i NBK Cup.

Ny cupsiger til G14
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. feb. 2010 11:47

Os stilte med tre lag i cupen i Nordhordlandshallen i helga. Det eine tok seg vidare frå puljespelet etter fleire store sigrar, og vann 16-1 over Fusa i 1/8-finalen. Kampane gjekk over éin omgang på 18 minutt.

- Vi slo to Åsane-lag og to Brann-lag i turneringa. Vi har éin krinslagsspelar, Lars Erik Lunde, det eine Brann-laget hadde tre. Kanskje det er på tide at vi får eit par til krinslagsspelarar til, seier trenar Terje Kvittingen.

Os tok seg til finale ved å slå Åsane 5-2 i kvartfinalen og Brann 2-1 i semifinalen.

- I finalen møtte vi eit anna Åsane-lag, med ein del fysisk sterke gutar. Men vi har eit fysisk sterkt lag sjølv, og dei la alle ned ein enorm arbeidsinnsats denne helga.

Os tok leiinga 1-0, men det blei både 1-1, 2-1 og 2-3 før Os tok over og gjekk opp i 6-3 før finalen var over.

Os-laget som vann er det same som slo treningskameratane på eit anna Os-lag i finalen i Fana Sparebank Cup i haust, då i 13-årsklassen. Laget består av spelarar som kom frå Jada og Søre Neset til Os i fjor, saman med spelarar som allereie var i Os Turn Fotball.

Vinnarlaget med finaleskåringane: Tommy Andersen, Kristoffer Svendal, Lars-Erik Lunde(1), Erik Kleppe, Stian O. Sande, Adrian Valle, Thomas Kopperud (2), Bjarte Halhjem og Sander Kvittingen (3).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.